Tidtaking

Laga har fått ei snor til å feste startbrikka i og ha rundt halsen. Brikka vert aktivert ved utlevering.

Superkjeringar har fått ei brikke som skal festast med borrelås til foten. NB. Superkjeringar på lag får dermed to brikkar.

Startnummer skal festast på brystet (det er 2 startnummer til superkjeringane, tiltenkt dei som vil ta av seg klede). Ved  kvar veksling vert passeringa registrert automatisk ved passering innanfor merka løype. Ved målpassering skal deltakarane halde plassen sin gjennom målslusa. Det er viktig å bevege seg raskt slik at det vert minst mogleg kø.

 

Det er 2 tidtakarsystem:

Brikka, som du har hatt med deg heile vegen, vert registrert ved alle vekslingsstasjonane og ved mållinja og registrerer tider og kven du er. For å få registrert deg MÅ du gjennom vekslingsstasjonen.

Backup: Her registerer ein rett tid ved målpassering.

 

Meld frå til løpsleiinga ved ikkje fullført løp eller forfall

Løparar som bryt skal melde frå til Røde Kors manskap og levere inn brikka i resepsjonen til Leikanger Fjordhotel. Brikker frå deltakar som ikkje startar skal leverast til tidtakingsteamet i mål.

Det er viktig at alle brikkene vert innleverte omgåande for å unngå etterlysing av deltakarar. Viss du er skada eller av annan årsak ikkje kan levere brikka sjølv, syt for at andre gjer det for deg.

 

Mista brikke – ikkje innleverte brikker

Mister du brikka undervegs i løpet kan du bli diskvalifisert. Startar du utan brikke eller med brikke som ikkje er aktivert, får du inga tid. Finn du ei mista brikke under løpet; ta ho med deg og lever ho ved næraste veksling eller ved mål. Du må ikkje passera gjennom ein vekslingsstasjon eller i mål med andre brikker enn di eiga! Ikkje innlevert brikke vert fakturert med pris for ny brikke.

 

Endringar av deltakarar
Endringar blant deltakarane etter at startnummerutdelingen stengjer laurdag kl. 09.30 vert ikkje teke hensyn til ved premieutdelinga og det vil vera risiko for diskvalifisering.

 

Buss til Kleppa

Det går buss i skytteltrafikk frå Elihaug (der som bustadfeltet sluttar på Kleppavegen) frå kl 11.00. Denne er for dei som skal til 1. veksling i Damefall og 2. veksling på Kleppa.

Etter rennet og premieutdelinga går det skyttelbuss frå Hanahaug til Kleppa for dei som skal henta bilar og utstyr frå kl. 15.30. Utstyret på hentast før kl. 18.

Ta med 20 kr per veg per person til bussen.

Køyring til og frå Kleppa

Kleppavegen vert stengt ved Elihaug  – der som bustadfeltet sluttar – etter at bussen startar køyring til Kleppa kl 11.00.

Dersom du skal køyre bil frå Kleppa til målområdet etter din etappe, skal dette skje bak ”siste” løpar. Dette vert vurdert av parkeringsvaktene. Vi oppmodar lokalkjende til å springe/gå stien om Frækaland i staden for å køyre bil. Stien er merka.

 

Drikkestasjonar

Det vert servert saft på Kleppa, ved barneskulen (stadion) og i mål.

 

Toalett

Det er toalett på venterommet på Hanahaug (målområdet) og på Leikanger Fjordhotel,

 

1. etappe – telemark/randonee – start kl. 13:14

Bindingen skal ha hel som kan løftast på vegen opp. På nedfarten er det lov med fast og laus hel. Born mellom 10 og 14 år kan køyre med slalomski. Høge sko er tillatt. Alle skal ha hjelm på og vindtette/varme klede i ryggsekk.

Ryggsekkene skal vega minst 5 kg, unnateke juniorar mellom 10 og 14 år og superveteran kvinner som skal ha minst 3 kg på ryggen.

Før start skal sekken kontrollvegast, evt. etterfyllast med snø (ta med plastpose). Studer vekslingsområdet i Damefall på veg til start for å unngå skade og kaos i vekslinga. Superkjeringar set frå seg telemark/randonee ski, og evt. sekk/klede på oppmerka plass.

 

2. etappe – langrenn

Klassisk stil.

Lagdeltakarar skal stå i tilvist område etter ”mållinja” og vente på 1. etappeløpar.

Superkjeringar skal setje frå seg langrennsutsyret på oppmerka plass/bås på veg til fjells. Etter fullført 1. etappe, skifter ein til langrennsutstyr. Telemarks/randonee utstyret plasserar ein innafor sin eigen bås. Sekken og hjelmen kan også leggjast att. PS! Du skal også ha hjelm på sykkeletappen.

 

3. etappe – springing

Lagdeltakarar skal stå på motsatt side av utstyrstativ for superkjeringar og vente på 2. langrennsdeltakar.

Superkjeringar heng frå seg joggesko på oppmerka plass i vekslingsområdet.

 

4. etappe – sykling

Fest sykkelnummeret på styret slik at startnummeret vender framover. Krav om hjelm og breie dekk.

For superkjeringar kan syklane plasserast ved barneskulen frå fredag kveld. Det vert funksjonærar på staden frå kl. 07.30 laurdag morgon.

 

Mål

Etter målpassering fortset slusa i svingar. Du skal sjølv ta med deg sykkelen gjennom slusa.

Hold plassen i køen, den kan vera avgjerande for rekkefølgja på resultatlistene! ”Sniking” kan føra til diskvalifikasjon.

 

Resultatlister
Resultatlistene som vert brukte ved premieutdelinga inneheld ikkje etappetider. Dei kan også avvika frå dei offisielle resultata  som kjem seinare, men rekkefølgja vil vera rett. Straks dei offisielle resultata er klare vert dei lagde ut på: http://www.kjeringiopen.no

 

SMS-oppdateringar

Dei som har registrert mobilnummeret sitt ved påmelding vil blant anna få tidene sine på SMS.

PSWinCom / LinkMobility sponsar Kjeringi Open med gratis SMS’ar.