Utstyr

Her kan du lese om korleis du skal merke, legge ut og hente utstyret ditt, og litt om utplassering av vakter ved vekslingsstasjonane

Les om krav til utstyr på dei ulike etappane under Løypa.

I deltakarposen får superkjeringane klistrelappar med startnummer som de merkar alt utstyr med, og på kvar veksling er det merka ein bos/knagg med startnummer til kvar utøvar der de byter utstyr. Skiutstyret frå 1. etappe vert pakka og frakta ned til Kleppa av funksjonærar.

Utstyrsvakt

Syril stadion/barneskulen: Det er vakter utplassert frå kl. 07.30 laurdag morgon til siste deltakar har teke fatt på siste etappen.

Kleppa: Det er vakter på vekslingstasjon Kleppa laurdag frå rennet sluttar og til kl.18.00.

Damefall: Arrangøren syter for at utstyret blir frakta til vekslingstasjonen langrenn/springing (Kleppa) når rennet sluttar.

Henting av utstyr

Det går skyttelbuss frå Hanahaug til Kleppa frå kl. 15.30 laurdagen for dei som skal henta utstyr på Kleppa. Utstyr som ligg att etter 1.veksling i Damefall, vert frakta til Kleppa eller so langt som snøen rekk. Utstyret MÅ hentast før kl. 18 arrangementsdagen.

Finn du det ikkje att?

Dersom du etter løpet ikkje finn att noko av utstyret ditt, sender du epost og oppgir startnummer til kjeringi@gmail.com

Vi tek vare på attgløymd utstyr.

Hugs å merke kle og utstyr godt!