Henting av utstyr
Her kan du lese om korleis du skal hente utstyret ditt, og litt om utplassering av vakter ved vekslingsstasjonane
De får klistrelappar med startnummer som de merkar alt utstyr med, og so er det merka ein bos med startnummer til kvar utøvar der de bytter utstyr. Skiutstyret vert pakka og frakta av funksjonærar.
Utstyrsvakt
Syril stadion/barneskulen: Det er vakter utplassert frå kl. 07.30 laurdag morgon til
siste deltakar har teke fatt på siste etappen.
Kleppa: Det er vakter på vekslingstasjon Kleppa laurdag frå rennet sluttar og til kl.18.00.
Damefall: Arrangøren syter for at utstyret blir frakta til vekslingstasjonen langrenn/springing (Kleppa) når rennet sluttar.
Henting av utstyr
Det går skyttelbuss frå Hanahaug til Kleppa frå kl. 15.30 laurdagen for dei som skal henta utstyr på Kleppa. Utstyr som ligg att etter 1.veksling i Damefall, vert frakta til Kleppa eller so langt som snøen rekk. Utstyret MÅ hentast før kl. 18 arrangementsdagen.
Finn du det ikkje att?
Dersom du etter løpet ikkje finn att noko av utstyret ditt, sender du epost og oppgir startnummer til kjeringi@gmail.com
Vi tek vare på attgløymd utstyr.
Hugs å merke kle og utstyr godt!