Klassar

Det er 20 klassar som vert bestemt ut frå alder og kjønn.

I tillegg kan alle bedrifter måle krefter ved å melde seg på i bedriftsklassen. Dette gjeld alle 20 klassane.

Kjeringi Open har omlag 1/3 premiering i ordinære klassar. Kjeringasteinen og Kjeringi Open premiane har same profil. Høgda på Kjeringasteinen er omlag 5m.

Aldersklassar:

Junior 

10-16år

Senior 

17-39år

Veteran 

40-49år

Superveteran 

50år og eldre

Lag Open klasse Lag open klasse junior Lag open klasse senior Lag open klasse veteran Lag open klasse superveteran
Lag jente- /kvinne Lag jente junior Lag kvinne senior Lag kvinne veteran Lag kvinne supervetaran
Lag kombi Lag kombi junior Lag kombi senior Lag kombi veteran Lag kombi superveteran
Superkjering gutar / menn Superkjering gutar junior Superkjering  menn senior Superkjering menn veteran Superkjering gutar junior
Superkjering jenter/kvinner Superkjering jente junior Superkjering  kvinne senior Superkjering kvinne veteran Superkjering kvinne veteran

Samansetting av klassane:

Open klasse Herrelag eller 3 menn og ei kvinne
Jente-/kvinnelag Kvinner på alle etappar
Kombilag 2-3 kvinner og 1-2 menn.
Superkjering Ein deltakar tek alle etappar. Kan kombinerast med å vere på lag.

Individuelle aldersklassar:

Vi plasserer deltakarane i aldersklassar ut frå kva år dei er fødde. I dei etappevise resultatlistene og blant superkjeringane er dette aldersklassane:

Viss alle på laget er i same aldersklasse, får laget aldersklassen til deltakarane.

Viss det er juniorar på lag med ein eller fleire vaksne deltek laget i seniorklassen.
Viss det er seniorar på lag med deltakar i andre aldersklassar vert laga senior.
Viss det er superveteranar på lag med veteranar deltek laget i veteranklassen.

Bedriftsklasse:

I bedriftsklassen kan bedriftene i måle krefter. Deltaking i bedriftsklassen kjem i tillegg til deltaking i ein av dei andre klassane. Beste bedrift i open klasse, kombiklasse, dameklasse og klassen for superkjeringar vert premierte. Kravet for å stilla i bedriftsklassen er at laget har betalt startavgift utover vanleg startkontingent. Bedrifter som stiller i bedriftsklassen kan få tilsendt eiga resultatlista for bedrifta.