Løypa

LØYPA

For å koma til Kleppa køyrer du ca. 4 km på bilveg frå sentrum; følg skilt. Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen grunna ver og snøtilhøve. På heimesida legg me ut informasjon om endringar fortløpande. Løypa kan inspiserast frå kl. 18 dagen før løpet. Frå Kleppa er det omlag 3 timar gange til Kjeringafjell. Ta med kle, mat og drikka! På Kjeringafjellet vert sekkane kontrollvegd. Vekslingsområda kan studerast på vegen opp til start, og superkjeringar kan legga frå seg utstyr.

1. etappe – Telemark/ Randonee

Frå Kjeringafjell (1314 moh.) til Damefall (500 moh.) er fallhøgda 814 meter og lengde 8 km. Det er fellesstart for alle klassar kl. 13.14. Kvar 50 – 100 meter er det styreportar i løypa. Normalt vert heile løypa preparert med unntak av bratthenget ned Kjeringafjell. Det er ingen krav til telemarksvinging.

Obligatorisk utsyr:

– Hjelm
– Ryggsekk – minimum 5 kg (10 – 14 år og superveteran damer: 3 kg sekk)
– Binding med hel som kan løftast (kan ha fast hel på nedfarten) – telemark-, randoneebinding eller gåadapter til alpinski.

2. etappe – Langrenn

Frå Damefall (500 moh.) til Kleppa (400 moh.) er fallhøgda 100 meter og lengda 3 – 6 km. Preparerte langrennspor skal fylgjast frå Damefall til veksling på Kleppa.

Stil og utstyr:

Det er berre tillate med klassisk stil. Superkjeringar kan skifta utstyr på vekslingstasjonane.

3. etappe – Springing

Frå Kleppa (400 moh.) til Syril Stadion (100 moh.) er fallhøgda 300 moh. og lengda 4 km.

NB: Det har blitt lagt til ein ny trasé midt i springeløypa i år! Mesteparten av springeettappen går som vanleg,  men i år spring me ned Dalane på flotte traktorveg!

Utstyr:

Me anbefalar gode joggesko.

4. etappe – Sykling

Frå Syril Stadion (100 moh.) til Hanahaug (3 moh.) er fallhøgda 100 meter og lengda 8 – 10 km. Merka løypa skal følgjast.

Utstyr:

Hjelm

 Mål:

På Hanahaug ved Leikanger Fjord Hotel.

Deltakarane får saft frå Lerum og bananer frå Bama.

Kiosk og ulike salsbodar.

Servering i hotelhagen.

Sogn Fjordsymjeklubb inviterar til fjordplask og kjeringvask kl. 15:14.

Underhaldning og premieutdeling frå scena.