Informasjon om Kjeringi Open-løypa 2019

Her finner ein informasjon om årets trase til Kjeringi Open. Hovudforskjellen frå før om åra er at langrennsetappen vert omgjort til terrengløp.

Fyrste etappe – fjelltelemark/randone

Som før om åra vert det fellestart på fremsta Kjeringi. Det er dog litt lite snø langs ryggen på Kjeringafjellet, så ein blir oppfordra til å sigle kontrollert. Steinar vert merka og traseen er markert med slalåmportar. Ein kjører som før gjennom markerte løype nedover, heilt til ein kjem på Stokkseteområdet 650. moh. Her minkar det dessverre på snøen. Der i frå og ned til Damefall skal alle gå/springe. Det vert veksling i Damefall som vanleg, men vekslings-området vert tilpassa situasjonen.

MERK: Ein skal ta med seg all obligatorisk utstyr på 1.etappe med ned til veksling-stasjonen på Damefjell. Dersom ein ikkje gjer dette risikerer ein disk. Grunn for dette er at Røde Kors/funksjonærer samler all utstyr på Damefall og kjører dei ned til Kleppa etter løpet – slik at deltakarar lett kan finne igjen utstyret etter løpet. Det blir særs problematisk for Røde Kors å leite etter utstyr over Damefall. Det betyr at all utstyr som ligg over vekslinga på Damefall blir verande der.

Andre etappe – terrengløype
(langrenn går dessverre ut fordi snøen er smelta vekk)

Det vert terrengløype mellom Damefall og Kleppa. Ein må rekne med springing på fast snø eller is, grasbakke, fast grunn, litt blaut jord og kanskje lyng. Det vert veksling ved skihytta til Syril nede på Kleppa. Løypa blir merka.

Tredje etappe – springing

Springing nedover Kleppavegen (grusveg), gjennom bustadfeltet (asfalt) og ned til barneskulen/Syril stadion. Veksling som vanleg ved barneskulen.

Fjerde etappe – sykkel

(Nei, det er ikkje lov med el.sykkel)

Forholda er gode, og det vert vanleg løype som før om åra.

Sjå meir på deltakarinformasjon.

Velkommen til «vaorens (sommaren) vidlaste eventyr» 🙂