Løypa

Løypa vert fastlagd tett inntil renndagen ut frå vêr og snøtilhøve. Informasjon om vêrtilhøve og endringar vert fortløpande lagt ut på nettsida og Facebook. Løypa kan inspiserast frå kl. 18 dagen før løpet.

Viktigast å hugse:
– Rekn god tid til start, spesielt for 1. og 2. etappe
– Ha med varme kle og nok mat
– Kontrollveging av sekken på 1. etp.
– For superkjeringar: sette frå seg utstyret på veg opp

Sjå info om vegen til start og utstyrslogistikk for superkjeringar under Deltakarinformasjon.

1. Etappe – Telemark/randonee

Frå Kjeringafjell (1314 moh.) til Damefall (500 moh.) er fallhøgda drøye 800 meter og lengda over 6 km. Det er fellesstart for alle klassar på toppen kl. 13:14. Første stykket er det ganske flatt og her kan ein tene mykje tid på å stake eller skøyte effektivt. Med 50-100 meter mellomrom er det styreportar i løypa. Normalt vert heile løypa preparert med unntak av ca. 500 m i bratthenget ned Kjeringafjell. Det er ikkje krav til telemarksvinging.

Obligatorisk utstyr:
– Hjelm
– Ryggsekk på minimum 5 kg (10-14 år og superveteran damer: 3 kg sekk)
– Binding med hel som kan løftast på tur opp (kan ha fast hel på nedfarten): telemark-, randoneebinding eller gåadapter til alpinski.

2. Etappe –Langrenn

Frå Damefall (500 moh.) til Kleppa (400 moh.).

Det er oppkjørt langrennsløype mellom Damefall og Kleppa. Mellom 3-5 km (meir nøyaktig distanse vil komme når ein veit vêr/føre). Det er veksling ved skihytta til Syril nede på Kleppa, såframt snøen rekk heilt ned dit. Heile løypa vert merka.

Utstyr: Langrennski og -stavar
Stilart: Klassisk

3. Etappe – Springing

Frå Kleppa (400 moh.) til Syril Stadion (100 moh.) er fallhøgda 300 m og lengda ca. 4 km. Underlaget er ca. 60 % grus og 40 % asfalt. Dei åra det er lite snø kan starten på springeetappen vere 50-100 meter høgdemeter lenger opp.

Utstyr: Me anbefalar gode joggesko.

4. Etappe – Sykling

Frå Syril Stadion (100 moh.) til Hanahaug (2 moh.) er fallhøgda 100 meter og lengda 8-10 km. Løypa går i hovudsak på veg med grus- og asfaltdekke, med nokre parti over jorde og gjennom frukthagar. Merka løypa skal følgjast.

Obligatorisk utstyr: Hjelm
Sykkel med smale dekk (landevegssykkel e.l.) er ikkje tillate. Vi anbefalar sykkel med dekk som har godt grep.

Mål:

På Hanahaug ved Leikanger Fjordhotel.

– Deltakarane får saft frå Lerum og bananar frå Bama
– Kiosk og ulike salsbodar
– Servering i hotellhagen
– Sogn Fjordsymjeklubb inviterer til fjordplask og kjeringvask kl. 15:14.

Underhaldning og premieutdeling frå scena.