Roar si dagbok

 

KO_1993__0011_large2

24. april 1993

Den store dagen er komen. Vi er i gang med Kjeringi Open. Litt tunge skyer på morgonen, men så klarna det opp og vart eit flott vårver. Tenk at vi klarte å lokka rundt 100 til start heilt borte på varden på Fremsta Kjeringi. Betemann ned til veksling i Damefall på kring 12 minuttar. Eg kom meg ned til sentrum på Hermansverk og gav rapport frå fjellet, før Bjørn Gregert Halvorsen kom i mål som beste superkjering med Bjørn Harald hakk i hæl. Stor stemning i målområdet både for deltakarar og publikum. Premieutdeling på bankplassen, og om kvelden var det bankett på Fjordkroa. Stinn brakke med 90 til bords og ordføraren var med oss. Fantastisk dag, og godt trøytte no i kveld.

KO_1994__0011_large2

9. april 1994

Kjeringi Open for andre gang. Kald fin vårdag, og vi har med NRK på laget. Dei vil laga reportasje om arrangementet både til vestlandsrevyen og kanskje Norge Rundt ! Dei har fylgt han Nils gjennom heile løpet. Har styrt litt på med dei, slik at kringkastinga får optimale arbeidsforhold under ”vaorens vidlaste eventyr”. Kaldt på toppen og starten flytta fram til midtvarden på Kjeringi. Fleire med i år, og lettare å koma i gang. Eg fekk på med hjelmkamera frå NRK frå topp og ned til Damefall, og sykla også gjennom løypa frå barnehagen og inn på Hermansverk.. Bjørn Harald Røyset og Torunn Grut slo til som beste superkjeringar. Banketten er i år flytta til Knausen, og vart avslutta med ein skikkeleg bygdafest.

KO_1995__0001_large2

22. april 1995

På ein flott vårdag med noko kald austavind vandra 160 spente deltakarar til toppen av Fremsta Kjeringi. Starten gjekk presis kl. 13, og det var nydelege forhold ned til Damefall. I år hadde vi laga ny målarena på Hanahaug, og fleire hundre publikumarar var på plass, og heia inn alle som kom i mål. Noko rot i premieutdelinga, men vi kom i mål, og alle resultatlistene vart hengt opp som godt lesestoff på festen om kvelden. Over 100 på banketten, og musikk både oppe og nede på Knausen med rundt 400 på Kjeringafest. Vi kom i mål i år også.

 Signe-og-Reidun-med-Fjaerlandsaeter-i-bakgrunn_large2

27. april 1996

Kjeringi Open for 4 gang, og vi klarte det igjen. Det regna trollkjerringar om morgonen, noko det har gjort heile veka. Men då starten gjekk, klarna det opp, og dagen vart fin. I år måtte langrennsskia bytast ut med joggesko over myrane, og vi kom ikkje heilt fram på Fremsta Kjeringi, då det rett og slett ikkje er snø på toppen i år. Henning og eg har ringt rundt til deltakarane og kansellert langrennsetappen, og ingen sure miner frå løparane. Vi fann ein trase ned på austsida av fjellet. Eg måtte ofra meg for målområdet i år, men vi klarte å få til ein god stemning, der ordføraren i Aurland (leiar i Sogn Regionråd) og ordføraren i Leikanger stod for opninga. Vi kom i mål med premieutdelinga i hagen på Leikanger Fjord hotell, og vi klarte å lokka over 100 på banketten i år også,. No skal det bli godt å kvila ut.

 

Startomraadet_large2

19. april 1997

Den store Kjeringi Open dagen med nordavind, nydeleg ver, og silkeføre frå toppen av Kjeringi år. Over 500 deltakarar totalt sett var på plass i år, og heldigvis godt med snø i år. Eit yrande folkeliv på Hanahaug der sola etterkvart steika meir og meir. Det vart ein lang premieutdeling, spesielt for meg som skal lesa opp alle namna, men det fungerte greitt. Banketten med kulturinnslag av Svein R. som den ”utflydde” frå den siste palmerevyen vart ”ein høgdare” for dei frammøtte.

 

Ventar-paa-premieutdelinga._large2

26. april 1998

6 gong med Kjeringi Open. Kom meg på Kleppa, men gløymte skia. Odd Sverre kom opp med dei. Timane før start var Kjeringi dekka av skodde, men nok ein gong klarna det opp. Eg køyrde saman med Ronja Mari på 10 år, og vi kom ned under1/2-timen. Premieutdelinga vart eit slit i år, men for ein folkefest det var på Hanahaug og om kvelden på Knausen.

Endeleg-oppe-paa-Kjeringafjell_large2

17. april 1999

Nok ein gang starta Kjeringi Open-dagen med utfordrande ver. Snø og skodde var menyen då Karl og eg kom på toppen. Men som ofte før klarna det opp. 240 deltakarar var klar på fellesstarten, som i år er flytta til Kl. 13.14 – høgda til Fremsta Kjeringi. Fantastisk å køyra i nysnøen nedover fjellsida. Arrangementet gjekk ”Oye Bra”, men i år måtte vi rett og slett avlysa premieutdelinga. Eg nytta høve til laga ein Kjeringi Open-film, der eg filma litt av alle etappane. Den rulla og gjekk glede for alle på den store festen om kvelden.

 

 

 

29. april 2000

Med den seine påsken tok vi ein sjanse, og la Kjeringi Open til siste helga i april. Det vart ein flott forsommardag med + 20 grader i målområdet. 573 påmeldt til løpet og 240 på toppen av Kjeringi. Flott vårføre nedover fjellsida, og i målområdet var det ein fantastisk stemning. Tidtakinga fungerte og premieutdelinga gjekk som planlagt i stappfull hotellhage. Kom meg nett heimom til ein rask dusj, før ferda gjekk vidare til kjeringibanketten. Eg henta songarbror, som eg hadde fått til å laga eit spesialskreve ”kjering-kåseri” til festyden. Bygdafesten vart langt ut i den seine nattetimen.

 

 KO_2001__0025_large2

21. april 2001

Kjeringi Open nr. 9 – i år som som i fjor – ein praktfull vårdag. Karl og eg var som vanleg på toppen og laga til starten i god tid. På toppen kom det mange blide ansikt, nokre meir spente enn andre, men slik skal det vera. Øysteinbror fekk videoen, og fekk laga ein god film av nedfarten mot damefall. Flotte forhold, topp løype, men det skar seg med tidtakinga. Ekspertane sa at den eine stasjonen på toppen var defekt. Likevel fekk vi gjennomført ein premieutdeling via backup-systemet. Kjeringi Open junior er blitt populært blant ungane, og det fine vårveret i målområdet la ingen dempar på arrangementet. Bakett og bygdafest på vanleg vis.

20. april 2002

10 år med Kjeringi Open er eit faktum. Og for ein dag. Eg stod opp i 7 tida til fuglesang og la med ½ 5 til fuglesang.  Dei første plometrea blomstrar. Ny deltakarrekord, perfekt ramme med sol frå klar himmel, eit herleg publikum i målområdet og langs løypene og verdas beste funksjonærar. Eg filma heile løpet i dag – meir eller midre, som deltakar på 1. etappen og hang meg på dei andre etappane. Fullteikna bankett og stappfull Knausen avslutta dagen. Vi har skapt noko som eg trur skapar stoltheit til bygda.

26.april 2003

Det var det året då dagboka forsvann på Gardermoen og halve året + Kjeringi Open ikkje kan skrivast inn

24. april 2004

Det 12’te Kjeringi Open starta med skyfri himmel på morgonkvisten. Etter kvart som deltakarane på første etappen vandra oppover mot toppen, skya det over, og då starten gjekk kl. 13.14 kom dei første snøfluksene. Men alle kom seg heilskinna ned frå fjellet og vidare ned til fjorden og Hanahaug. Masse folk og stor stemning. Litt rot i tidtakinga, men kva gjorde det når Stein Idar og Guro til med brudlaup for open scene på Hanahaug. Dei fekk mange gjester som kunne dokumentere den vigsla. Vi fekk likevel gjennomført premieutdeling med påfylgjande storfest på Knausen.

 

16. april 2005

Etter to flotte og solrike dagar kom gråveret, og på toppen låg skodda tett. Vi måtte flytte starten den frå toppen for andre gong. For 9 år sidan var det faktisk ikkje snø på toppen. Trass i at det etter kvart byrja å regna, gjekk arrangementet som smurt, og ingen større skader som alltid er eit spenningsmoment. Ingvar var med til toppen og gjennomførte som superkjering, etter at kreften har sluppe taket. Eg filma heile løpet til familien Halsnes som stilte til start  på toppen – minus Einar som framleis er for ung, men som hoppa innpå siste etappen. Ein fin dokumentar. På Hanahaug var det folksamt, trass regnveret, og nok ein gang er Kjeringi Open i boks.

22. april 2006

Den store Kjeringi Open dagen er klar igjen. Gunnhild Sofie har nådd alderen for å stilla lag, og saman med Silje, Synne og Oddveig  utgjorde dei laget til 10 åringane. Ho var klar som eit egg på morgonen, og turen til toppen gjekk som ein røyk i fin veret. 19 minuttar til Damefall, med meg og filmkameraet  hengande bak. Som vanleg stor stemning i målområdet. Nytt av året for ungane var ”stjerner i siket”, og der slo m.a. Hanna og Beate til med felles danseoppvisning. Eg lanserte ideen om å starta badesesongen med fjordsymjeklubben i spissen. Det vart ein stor suksess, og mange nytta sjansen til årets første bad. (5’te etappen) Så kom nedturen med tidtakinga, men det bølgja oppatt med bankett og dans på Knausen.

 

21. april 2007

Ein fantastisk vårdag som nok ein gang gav bygda ein festdag. Klokka 7 var Gunnhild Sofie klar for å erobra Kjeringi att, og i år saman med Jenny som også kom seg på toppen. Eventyrlege forhold i fjellet. 11 åringane var likevel spent på løpet. God fart og 4 minuttar raskare enn i fjor. Dette  er dei opptekne av. Stappfull arena på Hanahaug, ting fungerte bra, og ein gedigen fest avslutta denne varme fine vårdagen.

 

19. april 2008

Kjeringi Open vil nok gå inn som ein av dei beste KO-dagane så langt. Ein usedvanleg flott ver. Med 300 til start på toppen og over 600 i løypene, så skal vi ikkje klage. Vi klarte det igjen.  I år var heile familien i sving. Hanna  tok springeetappen på 1998-laget saman med Beate, Ingrid og Kristin M. Ho sleit med sting nedover bakkane, men fekk veksla og var godt nøgd når dei alle 4 kunne møtast i målområdet. Eit fullstappa Hanehaug og ein stinn brakke i hotellhagen med fjordbading og premieutdeling gjorde susen. To bankettar i år, der vegvesenet hadde ein bankett, men på bygdafesten var vi samla. Dagen vart avslutta med fullmåne over blikkstille fjord.

 

25. april 2009

Det vart ein fest i fjor, men like bra i år. Identisk vær med ”nesten sommar”, og endå fleire til start – tangering av 2002-rekorden. Snøen har minka og minka, men det gjekk bra takke vere kalde fine klare dagar den siste veka. Frost på toppen då vi kom opp og gjorde klart startområdet. Blikk stille og stor stemning på toppen. Hanahaug var fullstappa, og mange nytta høve til å ta årets første bad i fjorden. Trass i eigen bankett for vegvesenet på Leikanger, var det 190 på banketten på Knausen og 500 på festen til vaorens vidlaste eventyr – Kjeringi Open.

17. april 2010

Så måtte eg til pers. som Superkjering, etter å ha utfordra ”fjortisen” til å ta alle etappane. Gunnhild Sofie har trent godt og for å sei det med ein gang. Ho slo meg. Elles vert nok Kjeringi Open nr. 18 uforgløymeleg. I går satt vi løypa frå toppen, men for første gang måtte vi ned frå Kjeringafjellet med start like over discohola. Kuling ved start, men med kjeringi-open-sangen og god organisering kom alle seg i gang. Ein stygg skade i skoggrensa vart det i år, men vi får håpa det går bra. Nede ved fjorden var det mykje folk, men regnet slo til etter målpassering. Jan Erik opna hotelldørane, og vi fekk tatt premieutdelinga innandørs, og det fungerte fint. Den 18 banketten vart gjennomført på tradisjonelt vis.

 

9.april 2011

Kjeringi Open nr. 19. Vinden har løya etter stormkasta i fjellet i går. På grunn av vinden i går, måtte vi setje på dei siste portflagga frå Fagereggi og oppover til start på morgonen før rennstart. Men folk «karra“ seg oppover, og det vart ein flott dag i fjellet. Eg filma video igjennom mykje av løpet frå start til mål. Kjekt å ha. Trass i sur vind på Hanahaug, var det god stemning i målområdet, og det er kjekt at juniorkjeringane i målområdet ikkje sviktar oss. Vertskapet på hotellet opna dørene og vi fekk premieutdelinga gjennomført innandørs når regnet starta opp på ettermiddagen. Det gjorde susen, og fjordsymjarane hoppa i fjorden på vanleg måte. Bankett på Knausen og bankett for vegvesenet på Leikanger Fjordhotell fylte opp Knausen nok ein gong til årets bygdafest

14.april 2012

Kjeringi Open for 20 ‘ende gang. Og det vart ein stor festdag. Dagen starta grå og med nedbør som regn nede ved fjorden og med snø i fjellet. Men stemninga var på topp før og under starten, då sola titta fram og skoddebankane frå lågare strøk kom sigande opp akkurat ved start, og sidan vart det berre heilt fantastisk. Alle 592 – både superkjeringane og stafettkjeringar kom seg igjennom løypa utan at det vart rapportert om større skader, inkludert Nils T og dei andre som har vore med alle 20 gangane. «Nye Hanahaug» med scene, musikk frå Kings of Lien, liv og røre, stod til forventningane og laga ei fin ramme. Nok ein gong vart badesesongen starta opp frå hotellbrygga, og etter kvart vart dagen med avslutta med bankett og kjempefest og «stinn brakke» på Knausen