Utdeling av startnummer på Saften i Leikanger Idrettshall.

Vi ber om at dei som skal hente startnummer parkerer på oppsida av Saften.

Utdelinga skjer på Saften i Leikanger Idrettshall fredag 15. april kl. 14:30 – 21:00 og laurdag 16. april kl. 08:00 – 09:30.

Kontroll av betaling

Dersom du betalar kontingent seinare enn tysdag før rennet, må du ta med kvittering. Viss vi ikkje har registrert betaling og det ikkje kan framvisast kvittering må du gjere opp på staden.

Kontroller at det er mottatt rett brikke

Kontroller at nummeret på fotlenka / brikka er i samsvar med det som står på utdelt nummerpose. Er det uoverensstemmelse ordnar vi opp på staden og unngår dermed feil i resultatlistene.