Deltakarinformasjon

Kjeringi Open 2024 vert 20. april. Her finn du praktisk informasjon om arrangementet.

Du må gjerne ta kontakt om det er noko du lurer på.
E-post: kjeringi@gmail.com
Facebook: Kjeringi Open
Tlf: 994 446 83

Henting av startnummer: Ein hentar startnummer, brikker, t-skjorte etc. i Saften fredag 19. april kl. 14:30-21:00 eller laurdag 20. april kl. 08:00-09:30.

Saften/Leikangerhallen: Riverdalen 5, 6863 LEIKANGER. Inngang ved Kiwi og opp trappa til 3. etasje.

Tidtaking

Laga får ei snor til å feste tidtakarbrikka i og ha rundt halsen. Brikka vert aktivert og knytt til deg/laget ditt ved utlevering. Pass på at du ikkje bytar om brikka med nokon.

Superkjeringar får ei brikke som skal festast med borrelås til foten. NB. Superkjeringar på lag får dermed to brikkar.

Startnummer skal festast på brystet. Superkjeringar får utdelt to bryst-startnummer, slik at ein kan ha på vindjakke på 1. etappe. Ved kvar veksling vert passeringa registrert automatisk ved passering innanfor merka løype. Ved målpassering skal deltakarane halde plassen sin gjennom målslusa som kontroll. Det er viktig å bevege seg raskt slik at det vert minst mogleg kø.

Det er to tidtakarsystem

Brikka, som du/laget har hatt med heile vegen ned vert registrert ved alle vekslingsstasjonane og ved mållinja, og registrerer tider og kven du er. For å bli registrert MÅ du gjennom vekslingsstasjonane.

Backup: Her registerer ein rett tid ved målpassering vha. kamera og startnummer.

Meld frå til løpsleiinga ved ikkje fullført løp eller forfall

Løparar som bryt skal melde frå til Røde Kors sitt mannskap som er stasjonert langs løypa, og levere inn brikka i resepsjonen til Leikanger Fjordhotel. Brikker frå deltakar som ikkje startar skal leverast til tidtakingsteamet i mål.

Det er viktig at alle brikkene vert innleverte omgåande for å unngå etterlysing av deltakarar. Viss du er skada eller av annan årsak ikkje kan levere brikka sjølv, syt for at andre gjer det for deg.

Mista brikke – ikkje innleverte brikker

Mister du brikka undervegs i løpet kan du bli diskvalifisert. Startar du utan brikke eller med brikke som ikkje er aktivert, får du inga tid. Finn du ei mista brikke under løpet; ta ho med deg til næraste veksling eller mål. Du må ikkje passera gjennom ein vekslingsstasjon eller i mål med andre brikker enn di eiga! Legg frå deg brikka før vekslingsstasjonen og varsle ein funksjonær. Ikkje innlevert brikke vert fakturert med pris for ny brikke.

Endringar av deltakarar

Endringar blant deltakarane etter at startnummerutdelingen stengjer laurdag kl. 09.30 vert ikkje teke omsyn til ved premieutdelinga og det vil vera risiko for diskvalifisering.

Buss til Kleppa

Det går buss i skytteltrafikk frå Elihaug (700 m ovanfor barneskulen) frå kl 11.00. Denne er for dei som skal til 1. veksling i Damefall og 2. veksling på Kleppa. Parkeringa på Kleppa er forbehaldt deltakarar på 1. etappe.

Etter rennet og premieutdelinga går det skyttelbuss frå Hanehaug til Kleppa frå kl. 15.30 for dei som skal henta bilar og utstyr. Arrangøren fraktar alt utstyret frå 1. og 2. etappe ned til skihytta på Kleppa. Pass på at du merkar utstyret ditt godt med dei utdelte namnelappane. Utstyret må hentast før kl. 18.

Ta med 20 kr per veg per person til bussen.

Køyring til og frå Kleppa

Kleppavegen vert stengt ved Elihaug – der som bustadfeltet sluttar – etter at bussen startar køyring til Kleppa kl 11.00.

Dersom du skal køyre bil frå Kleppa til målområdet etter din etappe, skal dette skje bak ”siste” løpar. Dette vert vurdert av parkeringsvaktene. Vi oppmodar lokalkjende til å springe/gå stien om Frækaland i staden for å køyre bil. Stien er merka.

Drikkestasjonar

Det vert servert saft på Kleppa, ved barneskulen (Syril stadion) og i mål.

Toalett

Det er toalett ved målområdet på venterommet på Hanahaug hurtigbåtkai og på Leikanger Fjordhotel.

1. etappe – Telemark/Randonee – Start kl. 13:14

Bindingen skal ha hel som kan løftast på vegen opp. På nedfarten er det lov med fast og laus hel. Born mellom 10 og 14 år kan køyre med slalomski. Høge sko er tillatt. Alle skal ha hjelm på og vindtette/varme klede i ryggsekk.

Ryggsekkene skal vega minst 5 kg, unnateke juniorar mellom 10 og 14 år og superveteran kvinner som skal ha minst 3 kg på ryggen.

Før start skal sekken kontrollvegast, evt. etterfyllast med snø (ta med plastpose). Studer vekslingsområdet i Damefall på veg til start for å unngå skade og kaos i vekslinga. Superkjeringar set frå seg telemark/randonee ski, og evt. sekk/klede på oppmerka plass.

TILLEGGSINFORMASJON FOR 1.etappe

Her vil det komme informasjon når vi vet om vær/føre

2. etappe – Langrenn

Klassisk stil. 

Lagdeltakarar skal stå i tilvist område etter ”mållinja” og vente på 1. etappeløpar. Start for 2.etappe er ved Damefall

Superkjeringar skal setje frå seg langrennsutsyret på oppmerka plass/bås på veg til fjells. Etter fullført 1. etappe, skifter ein til langrennsutstyr. Telemarks/randonee utstyret plasserar ein innafor sin eigen bås. Sekken og hjelmen kan også leggjast att. PS! Du skal også ha hjelm på sykkeletappe.

3. etappe – Springing

Lagdeltakarar skal stå på motsatt side av utstyrstativ for superkjeringar og vente på 2. langrennsdeltakar.Superkjeringar heng frå seg joggesko på oppmerka plass i vekslingsområdet.

Springing nedover Kleppavegen (grusveg), gjennom bustadfeltet (asfalt) og ned til barneskulen/Syril stadion.

Veksling ved Barneskulen

4. etappe – Sykling

Fest sykkelnummeret på styret slik at startnummeret vender framover. Krav om hjelm og breie dekk.

For superkjeringar kan syklane plasserast ved barneskulen frå fredag kveld. Det vert funksjonærar på staden frå kl. 07.30 laurdag morgon.

Elsykkel er lov uten el. De som bruker elsykkel har ikke lov å bruke el fra batteriet. Bruk av el kan medføre straffetid etter vurdering av jurien

Mål

Etter målpassering fortset slusa i svingar. Du skal sjølv ta med deg sykkelen gjennom slusa.

Hold plassen i køen, den kan vera avgjerande for rekkefølgja på resultatlistene! ”Sniking” kan føra til diskvalifikasjon.

Resultatlister

Resultatlistene som vert brukte ved premieutdelinga inneheld ikkje etappetider. Dei kan også avvika frå dei offisielle resultata som kjem seinare, men rekkefølgja vil vera rett. Straks dei offisielle resultata er klare vert dei lagde ut på: https://kjeringiopen.no

SMS-oppdateringar

Dei som har registrert mobilnummeret sitt ved påmelding vil blant anna få tidene sine på SMS.

PSWinCom / LinkMobility sponsar Kjeringi Open med gratis SMS’ar.

LIVE-oppdateringar: Det vert lagt ut link på kjeringiopen.no for direkte resultat.