Om Kjeringi Open

Frå fjell til fjord på Leikanger
Vaorens vidlaste eventyr

Fjellski – langrenn – springing – sykling
Fire på lag eller ta alt sjølv

Start: Toppen av Kjeringafjedle på 1314 moh kl. 13:14
Mål: Hanahaug kai, 2 moh

Kjeringi Open har frå første dag handla om å ta i bruk det vi har naturgjevne forhold i nærområde. Telemarksving og skileik danna starten på eventyret som såg dagens lys i 1993.

Arne Monrad Johnsen frå Leikanger hadde fått inspirasjon etter opphald i USA 1980-talet, der han hadde vore deltakar på multisport-konkurransen «from Ridge to river» som omfatta skikøyring, løping og sykling. kanopadling og springing med kano til mål. Saman med dei andre i telemarksmiljøet starta han «Kjeringi Open», og fekk frå dag 1 kopla det til idrettslaget Syril, som id ag er ansvarleg for Kjeringi Open.

Kjeringi Open tok utgangspunkt i fire etappar, og slik har det vore sidan starten i 1993 og fram til i dag – med telemark/randonee, langrenn, spring og sykling.

Kjeringi Open er også kalla «verdas største fjellcross» med fellesstart frå toppen av Fremsta Kjeringi 1314 meter over havet. Starten er difor satt til Kl.13.14 J

Kjeringi Open har alltid hatt som mål å vera eit arrangement for alle.

Sjå høgdepunkt av «Morks disiplar» sin ferd frå fjell til fjord i den 25.utgåva av «vaorens vidlaste eventyr» i videoen under

Reglane er slik at du kan ta alle etappane og bli «superkjering», eller du kan danne stafettlag og dele dei fire etappane. Det er også mogleg å stille blanda-lag, mann og kvinne (kombilag) eller med reine mannfolk-lag og kvinnfolk-lag.

Sjå høgdepunkt av «Morks disiplar» sin ferd frå fjell til fjord i den 25.utgåva av «vaorens vidlaste eventyr» i videoen under:

Dei 4 etappane er kjernen i Kjeringi Open

1. etappe – utforski

Frå Kjeringi (1314 moh) à til Damefall (515 moh) – ca. 8 km. Frå fellesstart på toppen til ein vekslar/byter frå fjellski til langrennski. Det er også lova til å halde fram med fjellski.

2. etappe – langrenn

Frå Damefall (515 moh) à til Kleppa (413 moh), eller der snøgrensa set stoppar for langrennskia. Ca. 4 km klassisk langrenn før ein vekslar/byter til joggesko.

3. etappe – springing

Frå Kleppa (413 moh) à til barneskulen(100 moh) 3,5 km springing nedoverbakke på veg til skulen der ein vekslar/byter til terrengsykkel

4. etappe – terrengsykling

Frå Barneskulen (100 moh) til Hanahaug (2 moh). Ca 8 km terrengsykling på veg og gjennom frukthagar til målområdet nede ved fjorden.

Sidan starten i 1993 har arrangementet vakse til ein stor folkefest i Leikanger. Gjennom fleire år har totalt 500 deltakarar vore med på sjølve løpet.

Dei raskaste deltakarane i «Kjeringi Open» brukar under 50 minuttar frå toppen av Kjeringafjellet til dampskipskaia. Dei siste deltakarane plar vere i mål før det har gått to timar.

Rundt 1000 menneske eller meir pleier å samle seg i målområdet og vente på «kjeringane». Der er det musikk, «Kjeringi Open junior» for ungar, stjerner i sikte, profilering av lokalt næringsliv, sal av kaffi og grillmat i tillegg til at hotellet har ope for sal av brus og øl i hotellhagen. Vi startar også badesesongen i Sognefjorden i regi av Sognefjord vintersymjeklubb. Ein storstilt premieutdeling i alle dei 20 klassane avsluttar arrangementet på Hanahaug.

Kjeringi Open dagen vert avslutta med bankett og fest på Sognefjord Hotell, ei flott avslutning på ein flott festivaldag frå fjell til fjord langs den mektige Sognefjorden.

Utflytte sogningar vandrar etter kvart heim att som pilegrimar til «Kjeringi Open» midt i april. Det er folkefest, alle møter alle og våren varslar at han snart kjem. Arrangementet har eigne facebook- og internettsider som informerer om arrangementet.

Men framleis lever den morosame delen. Mange stiller i artige kostyme og originale namn på laga er ein viktig del: «Elvis lever», «Solgjengen», «Hetatoktene», «Slupsedn» «Rakkarungane» og «Vikjatausene» er nokre av dei som har gjort seg sterkast gjeldande. Vitsen er at det er moro, at det er attraktivt å vere med på ein fin tur frå vinteren til våren, og at den kreative galskapen fengjer folk i alle aldrar og viser at heimbygda lever.