Praktisk info

Informasjon om Kjeringi Open

Klassar

Det er 20 klassar som vert bestemt ut frå alder og kjønn.

I tillegg kan alle bedrifter måle krefter ved å melde seg på i bedriftsklassen. Dette gjeld alle 20 klassane.

Kjeringi Open har omlag 1/3 premiering i ordinære klassar. Kjeringasteinen og Kjeringi Open premiane har same profil. Høgda på Kjeringasteinen er omlag 5m.

Sjå høgdepunkt av «Morks disiplar» sin ferd frå fjell til fjord i den 25.utgåva av «vaorens vidlaste eventyr» i videoen under:

Aldersklassar

Junior (10 – 16år)Senior (17-39år)Veteran (40-49år)Superveteran (50år og eldre)
Lag Open klasseLag open klasse juniorLag open klasse seniorLag open klasse veteranLag open klasse superveteran
Lag jente- /kvinneLag jente juniorLag kvinne seniorLag kvinne veteranLag kvinne supervetaran
Lag kombi Lag kombi juniorLag kombi seniorLag kombi veteranLag kombi superveteran
Superkjering gutar / menn Superkjering gutar juniorSuperkjering menn seniorSuperkjering menn veteranSuperkjering gutar junior
Superkjering jenter/kvinner Superkjering jente juniorSuperkjering kvinne seniorSuperkjering kvinne veteranSuperkjering kvinne veteran

Samansetting av klassane

Open klasseHerrelag eller 3 menn og ei kvinne
Jente-/kvinnelag Kvinner på alle etappar
Kombilag 2-3 kvinner og 1-2 menn.
Superkjering Ein deltakar tek alle etappar. Kan kombinerast med å vere på lag.

Individuelle arbeidsklassar

Vi plasserer deltakarane i aldersklassar ut frå kva år dei er fødde. I dei etappevise resultatlistene og blant superkjeringane er dette aldersklassane:

  • Viss alle på laget er i same aldersklasse, får laget aldersklassen til deltakarane.
  • Viss det er juniorar på lag med ein eller fleire vaksne deltek laget i seniorklassen.
  • Viss det er seniorar på lag med deltakar i andre aldersklassar vert laga senior.
  • Viss det er superveteranar på lag med veteranar deltek laget i veteranklassen.

Bedriftsklasse

I bedriftsklassen kan bedriftene i måle krefter. Deltaking i bedriftsklassen kjem i tillegg til deltaking i ein av dei andre klassane. Beste bedrift i open klasse, kombiklasse, dameklasse og klassen for superkjeringar vert premierte. Kravet for å stilla i bedriftsklassen er at laget har betalt startavgift utover vanleg startkontingent. Bedrifter som stiller i bedriftsklassen kan få tilsendt eiga resultatlista for bedrifta.